Den beste festen er frydefull for alle sansar. Bryllaup, dåp, konfirmasjon, åremål eller feiring av livet, vener og kvardagen. Det er mange grunnar for å invitere til fest eller selskap. Som vert vil du at maten og drikka skal smake, stemninga vere lett og orda sitte laust. Du vil at omgjevnadane skal tiltale og at stunda skal vere minnerik. Der du bur veit kva som skal til. Eg kjem heim til deg eller til lokalet der du skal feire. Du vel farge og tema, eg dekkjer bord, pyntar inngangspartiet og legg til rette for ein god og synleg velkomst.